Strålande start på sommarferien med Magnor Vinduet Fotballskule

Denne veka strålte 125 jenter og gutar frå 1-7.klasse om kapp med sola på Magnor Vinduet fotballskule!

Tradisjon tru inviterte me til Magnor Vinduet Fotballskule etter skuleslutt - og for ei nydeleg veke det har vore! Med strålande vêr, stor aktivitet, fotballglede, godt humør, latter og breie smil, vennskap, og leik og moro, blei det ei lærerik og morosam veke på Kuventræ! 

Deltakarane fekk kyndig og inspirerande rettleiing av spelarar frå dame-, og herrelaget, Os 2 og fleire av klubben sine dyktige trenarar. Det blei servert varm lunsj og drikke alle dagar, i tillegg til frukt og smoothie. 

Me takker alle deltakarar for ei sprudlande veke på Kuventræ.

God sommar! 

Annonse: