Strøyma er ny samarbeidspartnar

Det er med stor glede me kan presentere Strøyma AS som ny samarbeidspartnar for Os Turnforening!

Strøyma AS er lokal leverandør av straum og breiband i Bjørnafjorden kommune. Strøyma AS er datterselskap til Fusa kraftlag SA som også har straumnettet på Fusasida av kommunen.

- Som einaste lokale leverandør av straum er Strøyma AS oppteken av å støtte lokale lag og organisasjonar. Fordi me ønskjer fleire kundar i heile kommunen er det viktig for oss å vise at me gjer noko tilbake til lokalsamfunnet. Saman med blant andre Os Turn ønskjer me å bli godt synlege i kommunen slik at me blir eit naturleg val for alle kundar på begge sider av fjorden, seier Tove Hjartnes Fosså, dagleg leiar i Strøyma.

Strøyma har inngått ein avtale om eit fleireårige engasjement med Os Turnforening. Avdelingsleiar Kjetil Solberg ser mange spennande moglegheiter og trur samarbeidet blir positivt for begge partar.

- Strøyma AS har bygd ut fibernett i heile Fusa, og var før kommunesamanslåinga ein av dei 3 kommunane i Noreg som var best utbygd med 1 Gigabit internett hastighet til sluttkundar. Vårt fokus er lokal kundeservice, stabile, gode fibertenester for private, det offentleg og bedrifter. Og ikkje minst å ha eitt bevisst miljøfokus på alt me gjer. Som teknologiselskap ser me mange spanande moglegheiter framover, og ser fram til å jobba med dette i heile Bjørnafjorden kommune, seier Kjetil Solberg.

- Me gler oss til å samarbeida med Os Turn og trur det skal bli eit positivt og fruktbart samarbeid for begge partar.

— Tove Hjartnes Fosså og Kjetil Solberg frå Strøyma AS

Dagleg leiar i Os Fotball er også strålande nøgd med sin nye samarbeidspartnar.

- Me har hatt fleire gode samtaler med Strøyma, og funnet ut at me er på same frekvens med tanker og verdiar. Me har ambisjonar om å vere ein klubb og eit idrettslag alle Bjørnafjordingar kan vere stolt over, og det er difor ekstra gledeleg med ein ny partner frå Fusa-sida av kommunen, uttaler dagleg leiar Endre Brenne før han legg til.

- Dette er også den fyrste avtalen fotball og handball har gjort saman på veldig lang tid, som er eit bevis på eit tettare og betre samarbeid innad i idrettslaget. Me gler oss til samarbeidet og ynskjer Strøyma velkommen på laget.

I tillegg til FFO, HFO og Akademiet, blir bussen nytta av ulike lag i idrettslaget, til kortare og lengre turar.
I tillegg til FFO, HFO og Akademiet, blir bussen nytta av ulike lag i idrettslaget, til kortare og lengre turar.

Eit symbol på dei nye tidene i idrettslaget er minibussen til FFO, HFO og SPV Os Fotball Akademiet. Det var difor veldig gledeleg at Strøyma, som er vår fyrste felles samarbeidspartnar på lang tid, ynskja å pryde nettopp denne. Deltakarane på FFO og HFO er samstemte - bussen sin nye "Strøyma-look" blei råtøff! Eit godt stykke arbeid av Loops, som også har bidrege til at samarbeidsavtalen har funnet sted.

Styreleiar i Os Handball gler seg også stort over samarbeidsavtalen på tvers av idrettene i klubben.

- Dette er utruleg gledeleg, og artig at me har fått ein samarbeidspartnar på tvers av idrettsgrenene. Me har fått eit mykje betre samarbeid innad i klubben, så eg trur ikkje dette blir den siste felles avtalen. Velkommen på laget, avslutter Ingerid Verpe Jakobsen.

Me gler oss til eit energisk og kraftfult samarbeid. Velkommen på laget, Strøyma!

Strøyma deler overskotet med Bjørnafjorden. Bli kunde og bidra til eit rikt lokalsamfunn! Besøk dei på: stroyma.no

Strøyma-bussen
Strøyma-bussen - vår nye samarbeidspartnar pryder minibussen til FFO og HFO. Deltakarane er samstemte - den blei kjempekul!
IMG_5631

 

Annonse: