Sverre Spangelo Haga tek steget til Obosligaen
Utviklinga og potensialet til Sverre Spangelo Haga har blitt lagt merke til oppover i divisjonane - Åsane Fotball har sikra seg osingen!
- Eg har hatt ei veldig fin tid i Os, fått mykje tillit, og hatt mange fine folk rundt meg som har bidrege til utviklinga mi. Det har vore kjekt å vere del av denne gjengen som har blitt betre og betre frå år til år, uttaler Sverre Spangelo Haga som takker for seg og gler seg til å ta fatt på ein ny utfordring på nest øvste nivå.
- Eg gler meg, og det blir veldig spennende! Eg skal gjere mitt beste for å komme inn i laget og ta nivået i Obosligaen, seier Haga som også nevnet at det i tillegg er ein ekstra trygghet at bror, Knut, er i Åsane.
Den positive og lynhurtige sideflanken har vore ein sentral brikke for herrelaget i fleire sesonger, og er bokført med 79 kampar for A-laget i 3.divisjon. Sverre (2004) debuterte i 2021 og allereie den gang markerte han seg med stor hurtighet og spennande ferdigheter. Han limte blant anna ballen i krysset på Fosshaugane Stadion mot Sogndal 2 den gang. Utviklinga har helde fram og det er gledelig at Sverre får sjansen på toppnivå.
- Me gratulerer Sverre med eit fortent opprykk til Obosligaen, og det har verkelig vore ein sann glede å ha han i gruppa vår dei siste 4 åra. Sverre har jobba målretta og hardt, og vore ein god representant for klubben. Eg vil også gratulere heile spelargruppa som har vore deltaktig i utviklinga og stegene Sverre har teke hos oss. Me ønsker han mykje lukke til vidare i Åsane, uttaler Endre Brenne.
Tusen takk for innsatsen i denne omgang og lukke til vidare med fotballkarrieren, Sverre!
Me heier på deg!