Takk for strålande innsats, Roger Blokhus Ekeland!
Herrelaget sin spydspiss og storskårar, Roger Blokhus Ekeland, har flytta til Stord med familien og forlet difor også Os Fotball!
Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball.
Roger Blokhus Ekeland har sidan ankomsten til Os Fotball i 2019 gjeve oss veldig mykje å juble for; kvinnheringen står bokført med heile 42 mål på 55 kampar for herrelaget og blitt lagets toppskårar i samtlige sesonger! I årets sesong har det blitt like mange nettkjenninger som kamper; 15 mål på 15 seriekamper, samt to mål i cupen mot henholdsvis Sund og Brann, for den hurtige angriperen.
Målgarantisten har vore ein sterk bidragsyter både på og utafor bana, og vore eit godt førebilete for våre unge framadstormede ungdommar med sine profesjonelle haldningar og hyggelige vesen.
Etter 3,5 år er tida i Os over, no ventar nye kapittel på Stord. Med besteforeldre på Stord, og kortare reise til besteforeldre i Kvinnherad, var det naturleg for familien å flytte over Bjørnafjorden før eldstedottera byrjar på skulen i august.
Det har også ordna seg med jobb for sambueren og han sjølv. Roger har fått seg ny lærerjobb, som han vil kombinere med spel for sin tidligare klubb Stord Fotball. Spissen debuterte for Stord Fotball som 18 åring og har over 100 kampar og 54 mål for dei kvitkledde. Hovudpersonen sjølv ser tilbake på ei fin tid i Os!
- Eg har hatt det veldig fint i Os; blei teken godt i mot frå første stund og har hatt 3,5 veldig fine år! Eg er veldig heldig som har blitt kjend med så mange fine folk i og rundt miljøet til Os Fotball. Vil takka alle som er og har vert med å bidra på Kuventræ, trenerapparatet, tilskodarar og sjølvsagt alle eg har spelt saman med. Eg håpar me får møtast til neste år, slik at eg får teke eit skikkelig farvel med folket på Kuventræ, seier Roger.
Når han får spørsmål om kva som har vore dei beste minna, er det spesielt to kampar som utpeikar seg.
- Cupkampane mot Åsane og Brann heng eg høgt på lista over gode minner. Eg synes og at heile årets sesong har vert eit godt minne, og viser jobben som har blitt gjort av samtlige i klubben gjennom tida eg har tilbrakt i klubben.
Det er liten tvil om at Roger blir sakna av alle i og rundt Os Fotball. Me takker så mykje for innsatsen og minnerike øyeblikk, og ynskjer han og familien lukke til i sitt neste kapittel!
Foto: Midtsiden og Hordalandsfotball.