Tap etter marerittstart

Herrelaget fekk ein marerittstart mot serieleiar Frigg.

Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball

Herrelaget tok laurdag i mot serieleiarane Frigg til den 7.serierunden i Norsk Tipping-ligaen. Men våre menn fekk ein verst tenkeleg start på oppgjeret. Kampen var nemleg knapt komen i gang før gjestane frå Oslo dobla leiinga etter 3.minutter.

- Det var surt at me øydela kampen for oss sjølv i løpet av dei første ti minutta. Me var ikkje vakne og fokuserte frå start, og gjorde leie personlege val og feil.

- Men når me fyrst kom skjeivt ut, er eg nøgd med korleis vi fullførte kampen. Etter reduseringa styrte me inn til pause, og 2.omgang var heilt jamn, sa Os-trenar Endre Brenne etter kampslutt. 

Allereie i det fyrste speleminuttet klinka Frigg inn leiinga, før den blei dobla to minutter seinare. Frigg var dødelig effektive og straffa våre menn hardt for feil. I det 12.minutt satt dagens tredje skåring for gjestane etter eit vakkert hodestøt på fremste stolpe av Frigg-angripar Vital Curtis Kaba. Angriperen var ein håndfull for Os-forsvaret heile kampen; han regisserte 1-0-målet, før han putta både 2-0 og 3-0. 

Reduserte og tok over initiativet 

Etter marerittstarten klarte våre menn så å samle seg. Roger Blokhus Ekeland reduserte til 3-1 på straffe etter at det også var han som blei hindra på veg igjennom. Det tente Os-gnisten og inn til pause var det Os som tok over initiativet i kampen. Både Ekeland, Halvorsen og Spilde var farleg frampå ved fleire anledninger, og enda ein redusering låg i lufta. Men dessverre for oss, straffa Frigg eit nytt brot og kontra inn dagens fjerde skåring like før pause. Enda ein kalddusj! 

Jamn 2.omgang

Etter kvilen var det ein jamn kamp, der begge lag hadde sine sjansar.  Blant anna blei eit godt skot frå Wikheim avverga av Frigg-målvakten, før både Halvorsen og Ekeland også hadde gode skotforsøk. Men det blei med nesten. Serieleiarane kunne reise tilbake til Oslo med tre nye poeng i banken. 

Trass nederlaget var det gledeleg at Jonas Fagerbakke Hovland var tilbake på bana etter eit langt skadeavbrekk. Også Tobias Nøss har hatt eit skadeavbrekk og kom inn på tampen. Begge gjorde ein fin figur! 

Roger Blokhus Ekeland blei kåra til dagens osing!

Kampfakta: 

Os - Frigg 1 - 4

Mål: Roger Blokhus Ekeland (str) 17.min. 

Startellever:

Kasper Sandven Færøvik - Torgeir Lunde, Carl William Lafquist-Lygre, Rune Johan Åsheim Mo, Anders Hjelle Havsgård - Kristian Hjelvik Halvorsen, Steffen Kvamsdal, Viktor Mendonca Wikheim, Niklas Lunde Fosen - Thomas Stene Spilde, Roger Blokhus Ekeland

Innbyttere med speletid:

Sander Lønne Dyngeland, Kristoffer Røttingen, Jonas Fagerbakke Hovland, Sander Fagerbakke Kvittingen og Tobias Nøss.

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 3 3 0 0 13 1 12 9
2 Sandviken Sandviken 3 3 0 0 9 3 6 9
3 Førde Førde 3 2 1 0 7 4 3 7
4 Fana Fana 3 2 0 1 7 4 3 6
5 Bjarg Bjarg 3 2 0 1 9 7 2 6
6 Djerv 1919 Djerv 1919 3 2 0 1 5 6 -1 6
7 Askøy Askøy 3 1 2 0 6 1 5 5
8 Åsane 2 Åsane 2 3 1 1 1 9 5 4 4
9 Frøya Frøya 3 1 0 2 5 7 -2 3
10 Loddefjord Loddefjord 3 1 0 2 4 8 -4 3
11 Haugesund 2 Haugesund 2 3 0 1 2 2 6 -4 1
12 Stord Stord 3 0 1 2 2 9 -7 1
13 Årdal Årdal 3 0 0 3 6 13 -7 0
14 Florø Florø 3 0 0 3 0 10 -10 0
  

 

Annonse: