Tap på Stavollen

Mål preger kampar. Herrelaget starta godt, men etter eit uheldig tilbakespel til keeper var det Bjarg som tok leiinga - det skulle vise seg å bli eit nøkkelpunkt i kampen.

Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball. 

Herrelaget reiste til Stavollen med eit klart mål i sikte: å sikre årets fyrste bortesiger - slik blei det ikkje.

Det var Os som starta kampen klart best. Os hadde ball og skapte to store muligheter i løpet av åpningskvarteret. Roger Blokhus Ekeland var involvert i begge; fyrst blei Ekeland stoppa av Bjarg sin sisteskanse etter flott kombinasjonspel, men avslutningen blei litt for tett på keeper. Spydspissen vår var på farten igjen kort tid etter og denne gang satt ballen i nettmaskene. Men uheldigvis for Os, blei målet annulert for offside. 

Bjarg var rysta, og våre menn nærma seg. Men ting snur fort i fotball. Minuttet etter annuleringa var Os uheldig, og vipps fekk Bjarg servert leiarmålet. Eit tilbakespel til keeper blei plukka opp av Bjarg sin angrepsspelar, som sikkert satte inn 1-0 - og eit fullsatt Stavollen eksploderte. Det var akkurat det vertene trengte. Det var tydeleg ein anna gnist og energi i Bjarg etter målet! 

Den fullsatte tribuna våkna no for alvor til liv og gav lass med energi til Bjarg-spelarane i kvar duell. Kampen opna seg meir opp med tette, tøffe duellar. I det 36.min rulla vertene opp eit flott angrep på høgreflanken, og på innlegget framfor mål kunne Bjarg enkelt doble leiinga. 2-0 var pauseresultatet. 

2.omgang starta som den fyrste, Os hadde mest ball og kom til fleire ok sjanser, men Bjarg var farlige på kontringer. I det 60.min gjekk Steffen Kvamsdal ned i feltet til Bjarg, og kampleiaren peika på straffemerket. Denne gang kunne ingen stoppe Ekeland, som sikkert satte inn reduseringa. Håpet var tent! 

Men i jakta på utlikning var det i staden Bjarg som auka leiinga fem minuttar seinare. Våre menn prøvde febrilsk å komme tilbake, men Bjarg-keeperen var i det umoglege hjørnet. Keeperen varta opp med fleire klasseredningar, blant anna på forsøk frå David Cardenas Trias som ved fleire anledninger fekk avslutte frå kort hald.

Det ville seg ikkje, og Os måtte konstatere at årets fyrste tap var eit faktum. Mål preger kamper, og i denne kampen var eit hardtarbeidande Bjarg-lag skarpare enn våre menn framfor begge måla. 

Men det er berre å kome seg opp på hesten igjen. I neste kamp er det duka for lokalderby mot Lysekloster på Kuventræ, mandag 6.september kl. 18.00! Då kan Os revansjere seg! Vel møtt! 

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Sandviken Sandviken 26 22 3 1 76 24 52 69
2 Bjarg Bjarg 26 22 2 2 86 27 59 68
3 Os Os 26 15 2 9 72 40 32 47
4 Askøy Askøy 26 13 8 5 58 42 16 47
5 Djerv 1919 Djerv 1919 26 14 3 9 64 50 14 45
6 Førde Førde 26 14 3 9 55 48 7 45
7 Fana Fana 26 13 4 9 62 49 13 43
8 Haugesund 2 Haugesund 2 26 8 5 13 51 53 -2 29
9 Loddefjord Loddefjord 26 7 7 12 55 69 -14 28
10 Stord Stord 26 8 4 14 59 74 -15 28
11 Åsane 2 Åsane 2 26 7 3 16 50 85 -35 24
12 Frøya Frøya 26 6 4 16 44 61 -17 22
13 Årdal Årdal 26 7 1 18 57 91 -34 22
14 Florø Florø 26 1 1 24 21 97 -76 4
 

 

Annonse: