Til NM etter euforisk derbysiger
Ære, stolthet og ein billett til NM 2022 stod på spel i lokalderbyet mot Lysekloster på laurdag - det enda med Os-jubel!
(Foto: Team Baggen, Midtsiden).
– Det er ikkje så mykje som er deiligare enn dette; å slå Lysekloster ut av cupen på deira eigen heimebane!
— Matchvinner Jonas Fagerbakke Hovland
Derbyet mellom Os og Lysekloster har heilt sidan det fyrste møtet 2013 bydd på følelsesladde, dramatiske og tøffe bataljer. Laurdag var det duka for nok eit intenst og tøft derby når herrelaget gjesta Lysefjorden om ein billett til NM. Dette er forøvrig det einaste møtet med vår lokale rival i år, ettersom me har blitt plassert i ulike avdelingar av NFF, som dermed frarøver lokalfotballen to folkefester!
Som alltid var det fantastisk ramme rundt derbyet. Vår 12-mann på tribunen stilte mange og sterkt, og farga bokstavelig talt arenaen gul og svart ved innmarsj til kamp.
Kampen var knapt komen i gang før det smalt til i duellane, og det var tydeleg at det ikkje berre var eit cupeventyr som stod på spel. Lysekloster tok kommandoen i banespelet, men utan å truge våre menn nevneverdig. Det var derimot Os som skapte dei største sjansane, med Henrik Tysse Sperrevik i sentrum.
Store Os-sjanser
Ved den fyrste anledning kom Sperrevik seg fri i bakrom medan Niklas Lunde Fosen storma inn framfor mål. Sperrevik prøvde å finne lagkompisen, men i mellom seg hadde dei ein forsvarer som dessverre klarte å bryte pasningsforsøket. Kort tid etter var angriparen på farten igjen. Denne gang kom Sperrevik åleine med Lysekloster sin sisteskanse, men nok ein gang måtte Os-publikummet halde igjen jubelen når keeper redda avslutninga. Det stod dermed målløst til pause.
Stillingskrigen held fram i andre omgang, men denne gang var det Lysekloster som var frampå med ein gyllen moglegheit. Med ein flott enkeltprestasjon kom høgrevingen til Lysekloster seg igjennom Os-forsvarer, men våre menn kunne puste letta ut når avslutninga strøk utafor lengste stolpe.
Frisparkperle
Etter timen spelt fekk Os frispark på 30 meter. Midtstopper Jonas Fagerbakke Hovland, som var tilbake frå skade, trappa opp. Med perfekt dupp over muren smalt ballen i nettmaskene og utløyste euforiske jubelscener.
Siste halvtime av kampen baud på fleire tøffe dueller. Lysekloster sleit med å skape store sjanser grunna heroisk innsats frå samtlige Os-spelarar, og dei avslutningane som kom rydda Kasper Færøvik unna med stø hand. Etter 97 intense minutter kunne endeleg alle med hjerte i Os sleppe jubelen laus; den tøffe bataljen enda med 1-0-siger og NM-billetten var sikra!
Det var kampens einaste målskårar rimeleg nøgd med.
– Det er ikkje så mykje som er deiligare enn dette; å slå Lysekloster ut av cupen på deira eigen heimebane, uttalte Jonas til BA etter kampslutt.
Me vant også tribunekampen, og den enorme støtta frå den 12-mann var utvilsomt med å bikke kampen i vårt favør; tusen takk til alle frammøtte!
No gler me oss til seriestart for herrelaget på laurdag når Frøya kjem på besøk til Kuventræ kl. 13.00. Me håper å sjå deg der også!
Kampfakta:
2.kvalifiseringsrunde til NM
Lysekloster - Os 0 - 1
Mål: Jonas F. Hovland 60´
Startoppstilling:
Kasper Færøvik - Anders H. Havsgård, Marius H. Mikkelsen (K), Jonas F. Hovland - Mathias Dahl, Torgeir Lunde, Steffen Kvamsdal, Sverre S. Haga - Niklas L. Fosen, Henrik T. Sperrevik - Roger B. Ekeland.
Innbytarar med speletid:
Sander Dyngeland for Dahl 20.min
Rafael Villen for Kvamsdal 70 min
Sebastian T. Plätzer for Fosen 89.min
Har du sikra deg sesongkort?
Sesongkortet for 2022 gjev gratis inngang på alle heimekampene til Os sitt herrelag og damelag, samt ei rekkje rabattordninger hos lokale aktører. Kortet koster 600,- kroner og kan kjøpast via Vipps og hos fleire av aktørane der rabattane gjeld.
Sesongkortet vil gje rabattar hos følgande lokale aktørar:
Monter: 30 % på håndverktøy
Sport Norge: 15% på ordinære varer
Peppes Pizza: 20% rabatt (Gjelder for inntil 5 personer i restaurant eller 4 pizzaer på utlevering. Gjelder ikkje for alkohol. eller allerede rabatterte produkter)
Os Auto: 25 % på EU-kontroll
Skaathun Bilverksted: 15% på servicedeler
Fargerike: 20 % på interiørmaling og solskjerming
Osbadet: Reduserte priser (idrettspris) mandag-fredag (gjelder ikkje i ferier)
Sesongkortet kan kjøpes på følgende måter
- Vipps 600 kr til Os Fotball 2020 og merk betalinga med "Sesongkort 2022"
- Kortet kan hentast i klubbhuset, samt Monter, Fargerike og Sport Norge.
Velkommen til Kuventræ på kamp!