Toppkamp mot Skeid 2

I morgon er det duka for toppkamp når Skeid 2 kjem på besøk til Kuventræ!

(Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball). 

Etter to 4-1 sigrar på rad, mot Sandviken på Kuventræ og Oppsal på bortebane, er det i morgon kl. 14.00 duka for toppkamp mot Skeid 2 på Kuventræ! Brenne sitt mannskap ligger fire poeng bak serieleiar Lyn, og kan med siger passere Skeid 2 på tabellen.

- Me gler oss stort til toppkamp mot Skeid 2! Me har vore bunnsolide heime, og i morgon får me ein fin test mot eit bra lag. Publikum har vore vår 12-mann og me håper dykk held fram med stort trøkk og engasjement i viktige toppkamper framover, uttaler hovudtrenar Endre Brenne. 

Herrelaget har slått kraftig tilbake etter nederlaget mot Nordstrand på bortebane, med to sterke sigrar mot Sandviken og Oppsal. Brenne trekk fram eit sterkt kollektiv som nøkkelfaktor dei to siste kampane. 

- Det er først og fremst eit godt kollektiv som har dratt i land to sigrar på rad mot Sandviken og Oppsal i dei siste kampane, i tillegg til at me har fått gode individuelle prestasjoner som krydder. Me har ein sterk lagmoral og samhald, samt spelarar med x-faktor, som blir viktig i fortsettelsen. No kjem topplaga på rekke og rad, me gler oss! 

Mot Sandviken noterte Roger Ekeland, Kristian Hjelle Halvorsen x2 og Eirik Rysjedal seg i målprotokollen. I førre kamp mot Oppsal putta Henrik Tysse Sperrevik to gangar, i tillegg til Ekeland og Sebastian Plätzer.

Våre menn er ubeseira på Kuventræ i år, og har skåra heile 10 mål på dei to siste heimekampane (seks i cupfesten mot Åsane og fire mot Sandviken), og me håper trenden held fram med mange Os-mål igjen i morgon. 

Tøff motstandar

Skeid sine nest beste har i likhet med våre menn fått ein fin start på sesongen, og er ubeseira før den 10.serierunden. Austlendingane er plassert på 3.plass, to poeng framfor Os, og har for eksempel slått Nordstrand på bortebane og spela uavgjort mot Lyn. 

Tek våre menn sin tredje strake siger og blir det fyrste laget som beseirer Skeid 2 i morgon? Bli med og fyll opp tribunen og gje karane den naudsynte støtta til tre nye poeng! Vel møtt! 

10.serierunde Norsk Tipping-ligaen avd.1
Os - Skeid 2
Laurdag 11.juni kl. 14.00
Kuventræ
Inngang: 80 kr (under 16 år gratis). Sesongkort fri entré. 

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Sandviken Sandviken 26 22 3 1 76 24 52 69
2 Bjarg Bjarg 26 22 2 2 86 27 59 68
3 Os Os 26 15 2 9 72 40 32 47
4 Askøy Askøy 26 13 8 5 58 42 16 47
5 Djerv 1919 Djerv 1919 26 14 3 9 64 50 14 45
6 Førde Førde 26 14 3 9 55 48 7 45
7 Fana Fana 26 13 4 9 62 49 13 43
8 Haugesund 2 Haugesund 2 26 8 5 13 51 53 -2 29
9 Loddefjord Loddefjord 26 7 7 12 55 69 -14 28
10 Stord Stord 26 8 4 14 59 74 -15 28
11 Åsane 2 Åsane 2 26 7 3 16 50 85 -35 24
12 Frøya Frøya 26 6 4 16 44 61 -17 22
13 Årdal Årdal 26 7 1 18 57 91 -34 22
14 Florø Florø 26 1 1 24 21 97 -76 4

Annonse: