På herrelaget blei prisen delt ut til Steffen Kvamsdal. Her feirer han sammen med midtbanekollega, Kristian Halvorsen, etter at Steffen skåra i derbyet mot Lysekloster (Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball)

Tre skåringar holdt ikkje til poeng mot Kjelsås 2!

Etter ein strålande vårsesong og heng på toppen av tabellen, har det gått tråere for herrelaget i haust.

Sundag møtte herrelaget Kjelsås 2 på bortebane. Vertene befinn seg i nedrykksstriden og var på jakt etter sårt tiltrengte poeng, medan våre menn var lystne på å kome tilbake på vinnersporet og ta tilbake 3.plassen på tabellen. Og det var våre menn som kom best i gang! 

- Det blei ein kamp som starta lovande for vår del, med ein tidleg skåring, men så slapp vi inn to litt enkle mål der vi egentlig har laget i balanse og dei kjem litt for lett til. Frå 50 minutt og til rundt 80 min. styrer vi mykje og det er synd at vi ikkje klarte å få inn det fjerde målet. Da skjer det ofte det som skjer i fotball, at det andre laget tar sine muligheter, seier Kristian Hjelvik Halvorsen.

Unge Sebastian Plätzer sendte våre menn i føringa etter knappe 2.minutter etter ein kontrollert og fin avslutning i det lengste hjørnet frå 16 meter. 17-åringens tredje skåring i årets sesong. Men så snudde Kjelsås 2 kampen til 2-1 mot slutten av den 1.omgangen. 

2.omgang starta også på verst tenkelig vis når vertene auka til 3-1, før Halvorsen reduserte med ein rakett frå distanse. Utagbart for Kjelsås sin sisteskanse. 

- Det var godt å skåre mål og få målpoeng. No har eg 7 mål og 8 assist på 16 seriekamper, så det er eg fornøyd med, men eg har lyst på enda flere, seier midtbane-eleganten med den presise venstrefoten. 

Våre menn pressa på for utlikning, som dei også fekk. I det 73.minutt kriga Thomas Stene Spilde inn utlikninga etter eit hjørnespark frå Halvorsen. Herrene våre pressa på for leiarmålet, men i jakten på det fjerde målet fekk Kjelsås 2 kontringsrom, som resulterte i ein straffe i det 84.minutt. Vertene ekspederte straffen i mål, ein ny kalddusj for våre menn. 

Halvorsen og resten av Os-mannskapet la alt i potten for eit nytt utligningsmål, men på overtid var det i staden Kjelsås 2 som kontra inn lagets femte skåring for dagen og sikra tre sårt tiltrengte poeng. 

Fasiten etter sju kamper i haust er dermed ein siger, to uavgjorte og fire tap. Den trenden ynskjer Halvorsen å snu førstkommende laurdag mot Lokomotiv Oslo. Kampstart kl. 13.30!

- Vi må berre jobbe hardt og stå saman om dette i treningskvardagen for å kome tilbake på vinnersporet, også håper eg mange osinger tek turen førstkommende lørdag for å sjå at vi prøver å slå tilbake! 

Det var derimot gledeleg med fleire unge, spennande juniorer frå start mot Kjelsås 2. Aksel Fredriksen Lunde (2005) fekk sin debut, og starta attpåtil kampen, samt at Jonathan Mjånes Lund (2005) fekk sin debut frå start i midtforsvaret. Sebastian Plätzer (2005) starta også oppgjet og noterte seg i tillegg i målprotokollen. 

Kampfakta: 

Kjelsås 2 - Os: 5-3

Mål: 
0 - 1 Sebastian Plätzer 2.min (Daniel Grimset Kvalvågnes).
3 - 2 Kristian Hjelvik Halvorsen 54.min (Kvalvågnes)
3 - 3 Thomas Stene Spilde 73.min (Halvorsen)

Lag: 

Kasper Sandven Færøvik - Anders Hjelle Havsgård, Torgeir Lunde (K), Jonathan Mjånes Lund - Kristian Hjelvik Halvorsen, Steffen Kvamsdal, Aksel Fredriksen Lunde, Thomas Stene Spilde - Niklas Lunde Fosen, Daniel Grimset Kvalvågnes, Sebastian Plätzer. 

Innbyttarar med speletid: 

Henrik Tysse Sperrevik
Zsolt Korcsmar
Eirik Rysjedal
Sverre Spamgelo Haga
Magnus Spangelo Haga

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 3 3 0 0 13 1 12 9
2 Sandviken Sandviken 3 3 0 0 9 3 6 9
3 Førde Førde 3 2 1 0 7 4 3 7
4 Fana Fana 3 2 0 1 7 4 3 6
5 Bjarg Bjarg 3 2 0 1 9 7 2 6
6 Djerv 1919 Djerv 1919 3 2 0 1 5 6 -1 6
7 Askøy Askøy 3 1 2 0 6 1 5 5
8 Åsane 2 Åsane 2 3 1 1 1 9 5 4 4
9 Frøya Frøya 3 1 0 2 5 7 -2 3
10 Loddefjord Loddefjord 3 1 0 2 4 8 -4 3
11 Haugesund 2 Haugesund 2 3 0 1 2 2 6 -4 1
12 Stord Stord 3 0 1 2 2 9 -7 1
13 Årdal Årdal 3 0 0 3 6 13 -7 0
14 Florø Florø 3 0 0 3 0 10 -10 0

Annonse: