Tvillingsøstre klare for Os!
Damelaget forsterker med ambisiøse og fotballsmarte tvillingsøstre!
Henriette og Pernille Wollan melder overgang til Os frå Gneist, og er i likhet med store delar av dametroppen 2003-modellar.
- Me er veldig nøgde med å få inn Henriette og Pernille. Mange av spelarane våre har kjempa mot desse to og resten av Gneist i år etter år, både i aldersbestemt serie og cupar. Dei har vore tøffe motstandarar, så me er veldig glade for at dei no blir ein del av oss, uttaler hovudtrenar Ørjan Sandal.
- Henriette og Pernille har vore tøffe motstandarar, så me er veldig glade for at dei no blir ein del av oss. Eg har ønskt at dei skulle koma til Os ei stund.
— Ørjan Sandal, hovudtrenar.
Sandal har god kjennskap til dei nysignerte søstrene etter å ha trena dei på Camp Mallorca, samt sett dei i utallige kampar. Dei kjem i tillegg frå same nabolag.
- Etter å ha trena dei på Camp Mallorca og sett dei i uttalige kampar, både i aldersbestemt- og seniorklassen, så kjenner eg til kor hardtarbeidande og dyktige dei er. Eg har ønskt at dei skulle koma til Os ei stund.
Fotballsmarte og allsidige
Trenaren beskriv sine nye spelarar som fotballsmarte, ambisiøse, treningsvillige og godt trente, i tillegg til å ha gode pasningsferdigheiter. Henriette har i utgangspunktet spela mest forsvar og Pernille mest midtbane, men Sandal meiner begge kan bekle fleire posisjonar på bana grunna sine eigenskapar.
Søstrene sjølv er klare for nye utfordringar og fortel om ein inkluderande velkomst i gruppa.
- Vi var begge klare for nye utfordringar, og miljøet verkar veldig bra med ei ung, fremadstormende og dedikert tropp.
— Henriette og Pernille Wollan
- Vi var begge klare for nye utfordringar, og synst Os har ein spelestil som er spennande, utfordrande og gøy, samtidig som det er morsomt å prøve seg i 2.divisjon. I tillegg synes vi miljøet verkar veldig bra med ei ung, fremadstormende og dedikert tropp, seier Henriette og Pernille.
Dei synes begge det er vrient å beskrive seg sjølv som fotballspelarar, men tek likevel utfordringen på strak arm:
- Eg er ein defensiv spelar som stort sett har spela forsvar. Eg er ei treningsvillig jente som likar høgt tempo og tøffe dueller, seier Henriette. Pernille på side har stort sett spela i leddet framfor.
- Eg har tidligare stort sett spela på midtbana. Eg har bra løpskapasitet, og er ein ivrig spelar som likar spennande og tøffe kampar, seier Pernille.
Os-publikummet kan altså vente seg to som gjev full innsats og ikkje er fremmed for å ta i eit tak i tøffe kampar. Det blir gode eigenskapar å ta med seg inn i ein tøff og spennande sesong i 2.divisjon.
- Vi trur det blir ein tett og spennande sesong, og vi tenker at laget kjem til å bite godt i frå seg i serien. Vi gler oss veldig, og synes er er kjempekjekt å få lov å bli del av Os.
— Henriette og Pernille Wollan
- Vi trur det blir ein tett og spennande sesong, og vi tenker at laget kjem til å bite godt i frå seg i serien. Vi gler oss veldig, og synes er er kjempekjekt å få lov å bli del av Os.
Me gler oss til å sjå dei i aksjon og ynskjer lukke til! Velkommen til Os Fotball, Henriette og Pernille!