Uavgjort i serieåpningen for damelaget
Damelaget spela i går sin fyrste seriekamp sidan 2019 - det blei ein målfest!
Damelaget ynskja i går Fyllingsdalen 2 velkommen til Kuventræ og seriestart for damene våre.
Fyllingsdalen 2 slo ein av opprykksfavorittene Fana i sin fyrste kamp, og det var venta å bli ein tøff kamp for Os/Nore Neset. Damene våre starta best og tok leiinga med eit fantastisk mål av Andrine Brunvatne Kvittingen midtveis i fyrste omgang. Med eit silkemjukt touch, som å sjå Berbatov i glansdagane, la Kvittingen ballen tilrette før ho plasserte ballen iskaldt i lengste hjørne. Fantastisk prestasjon! Det stod 1-0 til pause.
2.omgang starta med eit smell. Fyrst auka Gjertrud Toppe Håvardstun til 2-0, før Fyllingsdalen 2 slo tilbake med to kjappe mål. Plutseleg var det balanse i rekneskapet. Kampen bølgja fram og tilbake, før Ingeborg Sundal Ljostveit på ny sendte Os/Nore Neset i føringa. Men nok ein gang stilna Fyllingsdalen 2 jubelen på Kuventræ og utlikna til 3-3. Det blei ikkje fleire mål i kampen og det enda med poengdeling.
Hovudtrenar Ørjan Sandal var nøgd med mykje av prestasjonen.
- Vi spelar ein ganske bra kamp. Men vi blir litt ukonsentrert i nokre situasjoner, som dermed gjer at det blir uavgjort og ikkje siger. Vi leiar 2-0, og har ganske bra kontroll på kampen, før vi slipper Fyllingsdalen inn i kampen igjen, ved at vi ikkje fokuserer på arbeidsoppgåvar, seier Sandal før han legger til.
- Uansett; vi er i gang, og veldig mykje av prestasjonen var bra. No gler me oss til ny kamp allereie på fredag mot Djerv på bortebane.