Unge debutanter på damelaget
Damefotballen i Os har ei spennande framtid; 2007-modellane Leah, Frida og Hanna har dei siste kampane debutert for damene våre i 2.divisjon!
Damene har i fleire kampar vore fullt på høgde med motstandarane og nære poeng så langt i årets sesong. Slik var det i helga når det blei eit knepent 2-1-tap mot Vidar etter å ha teke leiinga med Vy Mai Nguyen. Dette tek ein utviklingsorientert hovudtrenar Ørjan Sandal med knusande ro, og fokuserer på den verdifulle læringa spelarane vil tilegne seg i 2.divisjon.
- Framtida er spennende, sjølv om nåtiden er litt tøff, fordi det er mange unge spelarar som får verdifull erfaring med å spele i 2.divisjon. Det er ikkje alle som får moglegheiter til å spele på dette nivået, så uansett korleis det går med oss i kampene i år, så skal vi dra utrulig nytte av dette på sikt. Det at ein gjeng med unge spelarar får erfaringar og opplevingar av å spele mange kampar i 2. divisjon, vil vere storarta for vår framtid, seier hovudtrenar Ørjan Sandal.
- Men såklart er det kjipt og tungt å tape! De såkalte marginane var ikkje på vår side mot Vidar, og me mangla litt sprut og energi, som nok den vidunderlige og anerkjende russetida må ta sin del av ansvaret for. Me har mange som er russ i år, som både har vore slitne og prega av sjukdom den siste tida. Men det kunne absolutt blitt siger sist, vi var nære!
Sandal legg også til at dei unge fremadstormede 2007-jentene, Leah Vedholm, Frida Alfheim og Hanna Groth-Bugge har fått speletid i dei siste kampane mot Loddefjord og Vidar. Det er ekstra gledeleg! Leah spelte i tillegg heile kampen mot Vidar.
- At til og med superunge Os-jenter, får oppleve det å spele i 2. divisjon, vil vere med å gjere at disse unge jentene kan få ein stor utvikling og mange spesielle opplevingar i tida framover! Os Fotball skal vere eit sted der unge spelarar skal få moglegheiter til å blomstre, gjennom utvikling og opplevingar.
- Vi har mange gode år foran oss, både med oppturer og nedturer i vente, avslutter Sandal.
Me gratulerer Leah, Frida og Hanna med debut for damelaget! Me gler oss til utviklinga!
Neste kamp for damene våre er søndag 29.mai mot Haugesund på bortebane.