Utvikling trass tøff start på sesongen
Det har vore ein tøff start på tilværelsen i 2.divisjon for damene våre. Søndag kom opprykksfavoritt Viking på besøk, men trass ein ny smell ser trenar Ørjan Sandal positiv utvikling frå laget sitt!
(Foto: Nicholas Forstrønen Bruarøy, Midtsiden)
- I kampen mot Viking spelar vi ein første omgang som absolutt er bra. Vi er gode i strukturen ved at vi forflytter oss bra ved hjelp av tydelig kommunikasjon fra den enkelte spelar. Vi er også flinke til å skape nokre farligheiter framover, ved å komme hurtig med fleire spelarar, seier Sandal før han fortel vidare.
- I andre omgang blir vi for ubesluttsomme og forsiktige, og kommunikasjonen forsvinner, som igjen fører til at strukturen blir dårligare. Men vi held fram med å vere flinke til å komme hurtig med fleire spelarar framover, som igjen gjer at vi skaper fleire målsjanser og scorer også 2 mål. Vi ser fram til ny heimekamp på lørdag.
I sesonginnleiinga har damene fått tøff motstand frå Arna-Bjørnar 2 og Viking. Damene presterte litt under pari i serieopninga mot Arna-Bjørnar sine nest beste førre onsdag, men viste på søndag betre takter når opprykksfavoritt Viking kom på besøk.
Gjorde det vanskeleg for opprykksfavorittane
Viking som forøvrig vann 2.divisjon i fjor, og ikkje har tapa ein kamp sidan 2019, møtte eit hardtarbeidande og godt organisert Os-lag, så lenge kreftene holdt. Trass at Viking tok føringa allereie etter 7.minutter, gjorde våre damer det vanskeleg for gjestane lenge. 1-o stod seg til pause, og med litt tur for våre damer kunne det også stått uavgjort etter fleire gode kontringar. Dette var mange hakk opp frå seriepremieren mot Arna-Bjørnar 2 fire dager i forvegen.
I starten av 2.omgang skrudde Viking opp tempoet, som raskt gav avkastning; rogalendingane smalt inn tre kjappe mål i det. 52., 57. og 59.minutt. Kort tid etter blei det jubel på Kuventræ når Lenea Hjelle Fløysand skåra årets fyrste Os-mål i 2.divisjon og reduserte til 1-4. Viking auka ti minutter seinare, før sesongens andre Os-mål kom signert Andrine Brunvatne Kvittingen i det 74.minutt. Kreftene ebba dessverre ut i vårsola, og Viking smalt inn ytterligare tre skåringar på tampen.
Trass store siffer var det definitivt mykje positivt å ta med seg vidare, og allereie laurdag er det duka for ny heimekamp når Klepp 2 kjem på besøk til kamp kl. 14.00. Det har vore fantastisk oppmøte på tribunen i innleiinga, og det håper me held fram til helga. Kom og støtt damene våre!
Kampfakta:
2.divisjon kvinner
Søndag 24.april
Os - Viking: 2-8
Mål: Lenea Fløysand Hjelle (1-4) 62.min
Andrine Brunvatne Kvittingen (2-5) 74.min.
Startoppstilling: Anne Norvik, Henriette Wollan, Thale Strønen Skeie, Mariell Sivertsen, Agathe Cöllestine Lekven, Gjertrud Toppe Håvardstun, Lenea Hjelle Fløysand, Pernille Wollan, Vy Nguyen, Malin Ludvigsen, Andrine B. Kvittingen.
Innbyttarar: Anna Kyte Haugland, Ingeborg Sundal Ljostveit, Kine Ullensvang Moland, Kristina Haugland, Karoline Louise Ø. Hevrøy, Hedda S. Lindbom og Maria A. Horn.