Vakre hodestøt sikra tre nye poeng på Kuventræ
Roger Blokhus Ekeland flyr høgt om dagen; med to nye skåringar sikra spydspissen sigeren mot Kjelsås 2!
Sundag tok herrelaget i mot Kjelsås 2 til sesongens andre heimekamp, og takka vere to hodestøt frå Roger Blokhus Ekeland innkasserte herrene våre tre poeng på Kuventræ. Til Midtsiden takka tomålsskåraren eige forsvar og keeper for sigeren.
– Det var godt at vi sikra tre poeng i dag. Vi kan takka ei god forsvarsrekke og ein veldig sterk keeper, som heldt nullen. Kasper har tatt store steg i vinter, og var veldig stødig i dag, sa Roger til lokalavisa etter kampslutt.
Ekeland, som også skåra to mot Fyllingsdalen i førre kamp, er med fire mål toppskårar i avdelinga etter 3.serierunder. Og måla mot Kjelsås var begge av den vakre sorten. 1-0 kom etter eit strålande forarbeid av midtbanespelar Steffen Kvamsdal, som forserte forbi to forsvarsspelarar på kant før han fann pannebrasken til Ekeland framfor mål. Ekeland takka og bukka og fulgte opp forarbeidet med eit vakkert hodestøt i lengste hjørnet, utakbart for Kjelsås-målvakten.
Kampen var no 30.minutter gamal, og før dette hadde Os vore frampå ved fleire anledninger, spesielt med ein frisk Henrik Tysse Sperrevik innledningsvis. Kjelsås 2 forsvarte seg i låg blokk medan Os prøvde å finne ledige luker, men 1-0 stod seg til pause.
Kampen opna seg meir opp i 2.omgang
I 2.omgang løfta gjestane presset sitt høgare i banen som førte til at kampen opna seg meir opp. Kjelsås fekk eit par gunstige overganger, men Kasper Sandven Færøvik med forsvaret var solide og avverga forsøka frå austlendingane. Når kampuret passerte 80.minutter blei målskårar Ekeland spelt åleine igjennom, men denne gang trakk burvokteren det lengste strået. Keeper fekk ei hand på avslutninga som dermed gjekk i tverrligger før ein forsvarer fekk avverga returen.
Men knappe ti minutter seinare satt spikeren i Kjelsås-kista. Igjen var Ekeland dødelig med pannebrasken når han forlenga ein corner i det lengste hjørnet, og fastsatte dermed sluttresultatet til 2-0. Tomålskårar blei også kåra til dagens osing av ein lokal jury.
Unge debutanter
Eirik Rysjedal debuterte når han måtte erstatte Mathias Dahl like før kampstart, og unggutten klarte seg veldig bra. Også Jonathan Mjånes Lund fekk sine fyrste offisielle minutter for a-laget med eit innhopp. Me gratulerer debutantene.
Herrelaget står dermed med full pott på Kuventræ etter to heimekamper. Laurdag tek laget turen over fjellet til Oslo for å møte Grei. Ambisjonen er tydeleg; sikre årets fyrste bortesiger!
Me ynskjer lukke til!
Kampfakta:
Norsk Tipping-ligaen avd.1
Os - Kjelsås 2-0
Mål:
1-0 Roger B. Ekeland 31.min
2-0 Ekeland 89.min
Dagens osing: Roger B. Ekeland.
Startoppstilling:
Kasper S.Færøvik - Anders H. Havsgård, Petter Hilton, Jonas Hovland - Sverre S. Haga, Steffen Kvamsdal, Torgeir Lunde, Eirik Rysjedal - Niklas Fosen, Henrik T. Sperrevik og Roger B. Ekeland.
Innbyttarar med speletid:
Sebastian Plätzer for Fosen 74.min
Torkel Hjertnes for Rysjedal 79.min
Jonathan M. Lund for Sperrevik 90.min
Norsk Tipping-ligaen avd. 1
Spilt S | Vunnet V | Uavgjort U | Tap T | + | - | +/- | Poeng P | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Sandviken Sandviken | 26 | 22 | 3 | 1 | 76 | 24 | 52 | 69 |
2 | Bjarg Bjarg | 26 | 22 | 2 | 2 | 86 | 27 | 59 | 68 |
3 | Os Os | 26 | 15 | 2 | 9 | 72 | 40 | 32 | 47 |
4 | Askøy Askøy | 26 | 13 | 8 | 5 | 58 | 42 | 16 | 47 |
5 | Djerv 1919 Djerv 1919 | 26 | 14 | 3 | 9 | 64 | 50 | 14 | 45 |
6 | Førde Førde | 26 | 14 | 3 | 9 | 55 | 48 | 7 | 45 |
7 | Fana Fana | 26 | 13 | 4 | 9 | 62 | 49 | 13 | 43 |
8 | Haugesund 2 Haugesund 2 | 26 | 8 | 5 | 13 | 51 | 53 | -2 | 29 |
9 | Loddefjord Loddefjord | 26 | 7 | 7 | 12 | 55 | 69 | -14 | 28 |
10 | Stord Stord | 26 | 8 | 4 | 14 | 59 | 74 | -15 | 28 |
11 | Åsane 2 Åsane 2 | 26 | 7 | 3 | 16 | 50 | 85 | -35 | 24 |
12 | Frøya Frøya | 26 | 6 | 4 | 16 | 44 | 61 | -17 | 22 |
13 | Årdal Årdal | 26 | 7 | 1 | 18 | 57 | 91 | -34 | 22 |
14 | Florø Florø | 26 | 1 | 1 | 24 | 21 | 97 | -76 | 4 |