Valt som samarbeidsklubb i jentefotballprosjekt
Resultatet i ei undersøking på NHH blant spelarar, foreldre og trenarar i ulike fotballklubber på Vestlandet viser at jenter ofte har høgare ambisjonar og draumar enn foreldre og trenarar trur. Det har blitt grunnlaget for kampanjen "Jenter vil mer", som Sparebanken Vest, saman med SK Brann, Arna-Bjørnar og Sogndal, har starta med mål om å løfte jentefotballen på Vestlandet. No er Os Fotball og Nore Neset valt ut som ein av fem breddeklubber som skal delta i prosjektet og får Brann som fadder!
- Dette blir eit stort løft for jentefotballen i Bjørnafjorden
— Dagleg leiar Endre Brenne om "Jenter vil mer"-kampanjen
- Me er utruleg glad og stolt over å bli valt ut som samarbeidsklubb til prosjektet "Jenter vil mer" saman med Sportsklubben Brann, Sparebanken Vest og Nore Neset IL. No skal me planlegge godt så gleder me oss til å komme skikkeleg i gang på nyåret! Dette blir eit stort løft for jentefotballen i Bjørnafjorden, uttaler dagleg leiar Endre Brenne.
Sparebanken Vest har i lengre tid hatt fokus på like moglegheiter for alle jente- og gutefotballspelarar, og jobber mot eit felles mål om å gje fleire klubber moglegheit til å utvikle tilbodet til jenter. Sparebanken Vest har i den anledning ei fadderordning i dette jenteløft-prosjektet, der Os/Nore Neset og Askøy er valt ut frå Hordaland til eit langsiktig prosjekt om å betre vilkår for jenter i breddefotballen, og får SK Brann som fadder.
Saman med Nore Neset gler me oss til å starte på prosjektet, og har ønskje og forventninger om at fadderordninga skal medføra både sportsleg utvikling, kompetanseløft hos trenarane, og at det å bli betre kjent med Toppserien-spelarar skal gje nye forbilder og auka inspirasjon.
Me heier på like moglegheiter for alle!
Les meir om kampanjen her:
Sparebanken Vest: Jenter vil mer
Midtsiden: Nore Neset og Os får SK Brann som fadder
Sjekk ut inspirasjonsvideoane til kampanjen her: