Vegard Strønen Skeie vender heim til Os Fotball!

Vegard Strønen Skeie blei kjøpt av SK Brann i 2020 - no har me stor glede av å meddele at midtstopparen igjen er klar for spel i gult og svart!

- Det er alltid like kjekt å gå i garderoben på Kuventræ, det er som ein andre heim. Os er ein klubb eg vil kjempe for med nebb og klør, og gler meg allereie til å sette igang. Eg kan love trøkk og vinnervilje til dei som tar turen på Kuventræ fra sommeren av!

— Vegard Strønen Skeie

Vegard Strønen Skeie blei, som kjent for dei fleste Os-patrioter, kjøp av SK Brann i 2020 etter å ha imponert på prøvespel. Den unge lovande midtstopparen blei så lånt ut til Øygarden i Obosligaen, der han gjorde sine saker godt hausten ´20! 

Etter å fått smake på toppfotball-livet tok så Skeie eit modig val. Han hadde gradvis mista "driven" og valgte å gje seg i Brann for å prioritere andre ting. Han byrja i militærteneste i fjor sommar og returnerer til Os etter endt teneste. Det er hovudtrenar Endre Brenne særs godt nøgd med;

- Det blir aldeles fabelaktig å få Vegard attende i klubben! Han er ein vinnartype av rang og ein botnsolid type både på og av bana! Med sin kvalitet og erfaring er han ei soleklar forsterkning og me ser fram til å få dei lange beina, spisse olbogane og susande taklingane attende til Kuventræ, seier hovudtrenar Endre Brenne.

Skeie kom til Os Fotball som 13-åring etter å starta fotballkarrieren i Nore Neset. Han har sidan gått gradane opp til A-laget, fekk debuten som 17-åring, og blei raskt ein av lagets mest framtredende spelarar med stor duellkraft, mot, vilje og leiaregenskapar. 

Velkommen tilbake, Vegard!

271221645_1347985308947574_7376194596511730694_n.jpg
Trond Gausemel snappa opp når Vegard Skeie signerte overgang frå Brann til Os.

 

Annonse: