Vel blåst sesong av dommarane våre: - Ser lyst på framtida!
Fotballsesongen nærmer seg ferdigspelt, både for spelarar og dommarar! Dommergruppa oppsummerer sesongen og ser lyst på framtida i klubben!
- Dommergruppa i Os Fotball teller pr. no 8 aktive dommarar, og vi veit at rekrutteringa står sterkt inn mot årene som kommer. Vi har 6 dommarar som har passert dei 15 kampane som er kravet for å få ein godkjent sesong. Fremst av disse står sjølvsagt leiar for dommergruppa, Ole Andreas Pettersen, med heile 98 dømte kretsoppdrag hittil i år, fortel Morten Hunhammer på vegne av dommargruppa.
Som Morten fortel er dommergruppa leia av Ole Andreas Pettersen, og ved hans side er Bjørn Kjetil Johnsen og Morten Hunhammer assisterande dommaransvarlige. I likhet med Ole Andreas og hans imponerande antall dømte oppdrag, har også Bjørn Kjetil og Morten teke mange dommeroppdrag for Os Fotball i år.
Hunhammer fortel at dommergruppa i åra som kjem vil jobbe hardt og målretta for å beholde dei dommarane klubben har, samt utdanne nye og skape eit trygt og godt dommarmiljø.
- Jobben er allereie starta med å utdanne og videreutdanne klubbdommarar frå 2010-kullet som står klare til å bli ein del av gjengen av dommarar i Os Fotball som rekrutteringsdommarar neste år. Vi er heldige som har mange aldersbestemte lag slik at også klubbdommarane får moglegheit til å øve seg før dei skal ta steget opp og begynne å dømme som rekrutteringsdommarar. og få tildelt oppdrag frå fotballkretsen.
Dommaransvarleg, Ole Andreas, ser lyst på framtida til dommergruppa og ser fram til vidare utvikling kommande sesong.
- Vi er veldig klare for å forberede oss til ein enda betre sesong i 2025!
Ingen kamp uten dommeren - vel blåst sesong!