Velkommen til FFO 2022/2023

Det er med stor glede me ynskjer velkommen til FFO 2022/2023!

Påmelding: TELENOR XTRA FFO 2022/2023

- Me gler oss stort til eit nytt FFO-år! Det blir knallkjekt, og det er framleis ledige plasser og mogleg å melde seg på, opplyser FFO-ansvarlig Marius Haugland Mikkelsen. 

FFO-en fylgjer skuleruta og 16.august braker det laus med eit nytt FFO-år på Kuventræ. 

Os Fotball si fotballfritidsordning (FFO) er eit tilbod etter skuletid med leksehjelp, mat før og etter trening, samt fotballtrening med kompetente trenarar. Det blir lagt opp til varierte aktivitetar med fokus på motorisk utvikling, utvikling av fotballferdigheiter, mestring, trivsel og samhald. Mikkelsen fortel at dei i tillegg til å utvikle fotball- og bevegelseskompetansen, er opptekne av gode haldningar på FFO.  

- Me ynskjer å stimulere til livslang fotball- og bevegelsesglede, og er samtidig veldig opptekne av å skape eit godt og inkluderande miljø med fokus på haldningar, trivsel og samhald. Hos oss er alle velkomne! 

FFO er eit tilbod for born i alderen 2.- 7.klasse, derav tysdager og torsdager er for 2.- 4.klasse og måndag og onsdag for den eldste gruppa. Fredager er det jenteakademi for 4.-7.klasse. 

Nytt jentetilbod

Nytt frå i haust er eit ekstratilbod for jenter i alderen 4.-7.klasse. 

- Me har stor tru på at dette ekstratilbodet for jenter vil vere positivt for rekrutteringa og for å minske fråfallet av jenter på FFO, fortel Mikkelsen, som også nemner at klubben er i dialog med naboklubbane om generelt auka satsing på jentefotballen i bygda. 

Jenteakademiet vil gå parallelt med SPV Os Akademiet om fredagane, etter skuleslutt til kl. 16. Hovudtrenar for damelaget, Ørjan Sandal, vil leie tilbodet saman med blant andre Mikkelsen. 

Transport, næringsrikt måltid og lærerike treningar

På FFO, jenteakademiet og SPV Os Akademiet vil deltakarane som treng transport bli henta av vår eigne FFO-buss. 

- Me henter deltakarar frå skular i heile kommunen, frå Søfteland til Borgafjell og Lunde barneskule, og me opplever ofte at deltakarar stifter gode vennskap på tvers av skular og alder, som er veldig kjekt.

Når deltakarane er ankommet Kuventræ, venter det eit sunt og næringsrikt måltid, eventuelt lekser eller sosialt samvær om ein er tidleg ferdig på skulen, før det er klart for ei god fotballtrening med kompetente trenarar. 

Alle deltakarane på FFO får også bestille eigen utstyrspakke.  

Små justeringer på SPV Os Akademiet: auka akademitilbod utafor sesong 

SPV Os Akademiet er eit ekstra treningstilbod for ivrige jenter og gutar i alderen 7.- 10.klasse om fredagane etter skuletid, samt ein morgontrening før skulestart om onsdagane. Utafor sesong (november - mars) vil i tillegg alle deltakarane få tilbod om ekstra akademitrening kvar andre/tredje søndag utan ekstra økonomisk tillegg. 

Påmeldingslenke til SPV Os Akademiet, samt ytterligare informasjon er like rundt hjørnet. 

- Me gler oss til å ynskje ditt born velkommen til FFO, jenteakademiet eller SPV Os Akademiet, og me vil gjere alt me kan for at ditt born vil trives, føle mestring og tilhørighet, bli sett, og utvikle seg både som person og fotballspelar, avslutter Mikkelsen. 

Annonse: