Velkommen til fotballstart for 2019-kullet
Os Fotball har stor glede av å invitere nye jenter og gutar fødd i 2019 velkommen til fotballstart! Med fokus på fotballglede, mestring og tryggleik vil me ha med flest mogleg, lengst mogleg, best mogleg!
- Oppstartsdag: Torsdag 17.oktober kl. 17 - 18 på Kuventræ bane 3 (med løpebane rundt).
Påmelding
Marius Mikkelsen, ansatt i klubben, vil gjennomføre oppstartstreninga. Fokus: trygg og morsom fotballstart med mål om mestring og fotballglede for alle!
Utsyr: treningsklær, leggbeskyttere og drikkeflaske.
Etter oppstartsdagen tek foreldregruppa over, og me har difor stort behov for frivillige som trenarar, oppmenn og anna.
Bidra som frivillig?
Om du kan bidra som trenar, lagleiar, i ein arrangementskomite eller noko anna er du hjertelig velkommen. Våre medlemmer treng deg! Alle lag bør minimum ha ein trenar per sjette spelar, ein oppmann og ein som er ansvarleg for sosiale aktiviteter. Jo fleire, jo betre – og ein treng ingen erfaring frå fotball for å vere ein flink trenar eller leiar i barnefotballen. Klubben, med administrasjon og trenarrettleiar, vil vere tilgjengeleg for oppfølging av det sportslege, med øktplaner, rettleiing, organisering av ei treningsøkt og diverse. Nye trenarar får også grunnleggende grasrottrenarkurs gjennom klubben.
Os Fotball – ein klubb for alle!
I Os Fotball blir du ein del av eit trygt og godt fellesskap med fokus på samhald, vennskap, glede, mestring og utvikling – av fotballspelaren og mennesket!
Os Fotballs visjon er nemleg «trygghet, fotballglede og utvikling for alle» og kjerneverdiene våre er inkluderende, levende, ambisiøs og humør.
Klubben arbeider aktivt for å ivareta alle uavhengig av funksjonsevne, kjønn, etnisitet og betalingsevne. Me har blant anna eit inkluderingsfond for å unngå utenforskap grunna manglande betalingsevne. Ta kontakt ved spørsmål.
Spørsmål kan rettes til Marius Mikkelsen
Mail: marius@osfotball.no
Tlf. 47709118
Følg Os Fotball på facebook, Instagram og osfotball.no for meir informasjon.
VELKOMMEN!