Velkommen til inkluderingsdagar
Idrett skaper tilhørighet, fellesskapskjensle og livslange vennskapsband. Idretten skal vere like tilgjengelig for alle og alle bør få oppleve idrettsglede – uavhengig av språk, kultur, bakgrunn eller økonomi! Med det til grunn arrangerer Os Turnforening årleg gratise inkluderingsdager for å syne fram dei ulike aktivitetene i idrettslaget!
Os Turnforening arrangerer årleg gratise inkluderingsdagar på Kuventræ, som har vore veldig populære og gjeve born og unge moglegheit til å prøve ut nye idretter. I neste veke, frå tirsdag 9.august til torsdag 11.august går årets inkluderingsdagar av stabelen.
- Inkluderingsdagane er eit fellesprosjekt mellom idrettane i Os Turn. Intensjonen med tiltaket er å visa fram den varierte og allsidige aktiviteten idrettslaget har å by på, samt nå ut til born og unge som ikkje veit kva tilbod som finnes, seier dagleg leiar Endre Brenne.
Arrangementet er gratis og er ope for alle i alderen 1-10.klasse. Det blir aktivitet både inne og ute med handball, friidrett, turn/cheerleading og fotball, frå kl. 10 - 14. Alle deltakarar får også servert enkel matpakke kvar dag.
- I fjor var det faktisk nokre som aldri hadde drive med idrett tidlegare som meldte seg inn i idrettslaget etter inkluderingsdagane. Det er fantastisk kjekt når fleire får oppleve idrettsgleden, fortel Brenne vidare.
Påmelding kan sendes til endre@osfotball.no
Inkluderingsfond
Inkludering er ein av kjerneverdiene til Os Fotball, som ynskjer å vere ein klubb som ser alle, skaper tryggleik, trivsel, tilhørighet og mestring - me vil ha eit stort mangfold og ta vare på alle! Os Fotball har blant anna eit eige inkluderingsfond som skal vere med å gje alle eit likeverdig tilbod og unngå utenforskap grunna økonomi. Kontakt dagleg leiar Endre Brenne om spørsmål vedrørande dette.
Har du økonomiske utfordringer ta kontakt, så løyser me det saman. Både Os Fotball og Os Handball har inkluderingsfond, samt du kan få råd, rettleiing og søkje tilskot til fritidsaktivitetar hos NAV Bjørnafjorden. Idrett for alle!
-
Endre BrenneDagleg leiar
- Telefon
- 907 24 338
- E-post
- endre
@osfotball.no