Vellukka cup for gatelaga! - Kjempesuksess!

"Tusen takk til alle som har gjort det til ein fantastisk dag for meg og oss alle", var orda frå ein av spelarane som på laurdag deltok på den nyoppstarta cupen for gatelag på Kuventræ. I strålande haustvêr blei det ein fantastisk cupdag med enorm fotballglede! 

Os Fotball og Vartun Oppfølgingstjeneste med prosjektet "Livskvalitet", arrangerte på laurdag cup for gatelag på Kuventræ. Tor Arne Hitland er ansatt ved Vartun Oppfølgingstjeneste og er primus motor for Livskvalitet-prosjektet til Os Kommune og Vartun. Gjennom Livskvalitet-prosjektet har han starta opp gatelag i Os Fotball og tok i vår initiativet til å arrangere cup for gatelag på Kuventræ. Fredrikstad, Sportsklubben Brann, Frelsesarmeen Bergen og Frisk Alternativ Stord (Frelsesarmeen Stord), i tillegg til Os Gatelag, møtte til cup og gjorde det til ein strålande dag!

- Kjempesuksess, fantastisk dag! Det blei ein nydelig ramme med sol, store smil og god stemning. Det var tydeleg at det betydde mykje for alle involverte og me fekk gode tilbakemeldinger frå alle som kom på besøk, både me tanke på velkomsten og opplegget. Tusen takk til alle som har bidratt til å lage eit fint arrangement, seier initiativtaker og trenar på gatelaget, Tor Arne Hitland. 

I tillegg til fart og spenning på fotballbana var det lagt til rette for yoga, bading i Osbadet til rabattert pris, Premier League-fotball på klubbhuset og fellesmiddag etter cupen! Os-ordførar Terje Søviknes opna cupen med nokre ord og gav ein gåvesjekk på 5000,- til Os Gatelag, Tore Kleppe satt i speaker-boden og kommenterte to kamper samtidig og A-lagsspelarar stilte som dommarar. Os Røde Kors var i beredskap dersom uhellet skulle vere ute. Spelarane strålte om kapp med haustsola og viste stor fotballglede før arrangementet blei avslutta med fellesmiddag og dessert på klubbhuset!

TAKK TIL SPONSORER

Tusen takk til næringslivet som har vore med å bidratt til cupen!

Tusen takk til REMA 1000 Kuven stasjon, SPAR, Coop Extra, Asia mat, Baker Brun, AMFI Os, Kiwi (Idrettsvegen) og Liens konditori som sponsa med mat og drikke, og tusen takk til Sport Norge og Os Taxi for klær og transport. Me vil også rekke ei takk til Osbadet som hadde rabatterte priser og Actic for lån av treningssal til yoga.

Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden

Annonse: