Vellukka Gatelagscup: - Fantastisk dag!

Os Gatelag, eit samarbeid mellom Os Fotball og Livskvalitet - Vartun oppfølgingstjenester, arrangerte i slutten av august cup for gatelag på Kuventræ - det blei ein fantastisk dag!

- Kjempesuksess, fantastisk dag! Det blei ein nydelig ramme med sol, store smil og god stemning. Det er tydeleg at dette er eit arrangement som betyr mykje for alle involverte og me fekk gode tilbakemeldinger frå våre besøkande, som hadde eit ynskje om at me inviterar til ny cup til neste år, seier initiativtaker og trenar på gatelaget, Tor Arne Hitland med eit smil, før han takka alle som var med å gjere det til ein strålande dag!

Tusen takk til alle som bidro til å lage eit fint arrangement; alle spelarar og trenarar, alle som hjalp med praktisk gjennomføring, sponsorer, Amfi Os for varer frå Asia Mat, Havnechefen for tilbehør til middagen, samt fleire daglegvarebutikkar som er rause kvar gong me spør. Me vil også takke Tind Økonomi som er ein viktig økonomisk støttespelar, og Tore Kleppe som gjorde ein eventyrlig innsats som speaker!

Spar Flåten sponsa med mat og Ekstra Flåten med brus til middagen, Kiwi Moberg sponsa med delikat frukt heile dagen, samt Kiwi Idrettsvegen delte ut drikkeflasker med meir.

Over 100 deltakarar

Fem organisasjoner stilte med 10 lag, der over 100 spelarar deltok. 80 av dei blei med på felles middag og premieutdeling i klubbhuset etter turneringa. Der fekk spelarane servert eit utsøkt måltid sponsa av lokale leverandører, samt vinnarlaga og spelarar som hadde utmerka seg positivt fekk heder og pokal, som for eksempel cupens humørspreiar! Psykatrialliansen slo Stord i B-finalen, medan SK Brann slo Frelsesarmeen i A-finalen.

Det var meget god stemning under turneringa og middagen, som blei ein fin avslutning på ein strålande dag!

Tusen takk til alle involverte - me gler oss til å invitere til ny cup i 2023! 

 

Annonse: