Vindfull og god treningshelg for SPV Os Akademiet

SPV Os Akademiet gjennomførte i helga ei strålande treningshelg med gode fotballøkter, hurtighetstesting, spelarsamtalar og analyse. Det jobbes systematisk og godt for å utvikle morgendagens Os-heltar!

Video: Treningshelg for SPV Os Akademiet

Akademihelga starta på fredag med hurtighetstester i Oshallen, før det var duka for to fotballøkter og analyse på laurdag, samt ei fotballøkt på sundag. I mellom slaga hadde deltakarane spelarsamtalar med trenarane, der spelar og trenar blei enige om utviklingsmål vidare.

I tillegg til gode fotballøkter, gjennomførte me spelarsamtalar og analyse, og me er imponert over kor reflekterte og bevisste alle er i forhold til eigen utvikling.

— Zsolt Korcsmár

Det var ein veldig kjekk treningshelg, med godt sportsleg og sosialt utbytte. Spelarane er utruleg flinke, ivrige og lærevillige, så det er ein veldig kjekk gjeng å arbeide med! I tillegg til gode fotballøkter, gjennomførte me spelarsamtalar og analyse, og me er imponert over kor reflekterte og bevisste alle er i forhold til eigen utvikling. Det var artig å bli betre kjent med kvar spelar og i samarbeid bli enige om individuelle utviklingsmål vidare, seier akademitrenar Zsolt Korcsmár.

Korcsmár har med seg Endre Brenne, Rune Åsheim Mo og Marius Mikkelsen som trenarar på akademiet. Dagleg leiar Endre Brenne er i likhet med Korcsmár full i lovord om våre unge håpefulle.

Det er ei fantastisk fin gruppe på 40 jenter og gutar i aldersgruppa 2005 - 2008. Dette er eit ekstra tilbod til ivrige spelarar som ynskjer å trene meir utenom fellestreningar. Me har eit kjempebra treningsmiljø og godt sosialt samhald, og ungdommane vår er i rivande utvikling. Det ser veldig lyst ut for framtida. 

Brenne kan vidare fortelle at ein på klubbens ekstratilbod arbeider systematisk for å utvikle tekniske, taktiske, fysiske og mentale ferdigheter. Ein har for eksempel stort fokus på skadeforebyggende trening og hurtighet, og har i den forbindelse også inngått eit samarbeid med Os Friidrett for å utvikle effektiv løpeteknikk.

Tusen takk til dei frivillige som hjalp til med å lage varm lunsj laurdag og sundag. Etter fotballøkter i stiv kuling var det nøgde ungdommar som fekk seg graut på laurdag og heimelaga pizza på sundag!

 

Annonse: