Zsolt Korcsmár er klar for fleire roller i Os Fotball

Zsolt Korcsmár har spela på den største fotballscenen; på landslaget, vunnet serie- og cupgull i Danmark, og spela i Tyskland og Brann. No er den ungarske midtstopperen klar for nye utfordringar i Os Fotball!

Utvikle nye Os-helter
Korscmár blei engasjert i Os Fotball i fjor sommar, og har frå fyrste stund vore ein positiv tilvekst. Han har gjeve eit godt inntrykk både som person og trenar, og me er utruleg nøgde med å få nytte av kunnskapen og erfaringen han besitter. Han vil arbeide med born og unge på FFO, akademiet og G13, samt vere trenar og spelar på a-laget.

Det er sjeldan kost at me signerer spelarar frå Champions League klubbar, men det gjorde me altså då Zsolt kom til oss frå Midtjylland i Danmark.

— Endre Brenne

Det er sjeldan kost at me signerer spelarar frå Champions League klubbar, men det gjorde me altså då Zsolt kom til oss frå Midtjylland i Danmark. Han har sidan innkomst i fjor blitt ein sentral del av klubbdrifta som trenar på akademiet, FFO og G13 i 2021. I tillegg er sjølvsagt Zsolt ein strålande fotballspelar som me vonar blir kvitt skadane og kan bidra godt ute på bana i 2021. Zsolt har og blitt ein del av trenarteamet til a-laget saman med meg, Torkel og Anders, noko me er veldig nøgd med! Ein mann med gode verdiar, kunnskapsrik og hardtarbeidande som vil være eit flott forbilde for alle yngre spelarar i klubben, forteller dagleg leiar Endre Brenne - tydeleg nøgd med sin nye kollega.

Ungareren har møtt fleire av dei største stjernene på fotballhimmelen i sin profesjonelle karriere. Han har blant anna spela 26 A-landslagskamper for heimlandet sitt, vore med å vinne bronse for U20-landslaget i VM i 2009, og vunnet serie- og cupgull med FC Midtjylland i Danmark. Den blide og sympatiske midtstopperen gler seg no til å ta fatt på eit nytt kapittel i fotballkarrieren.

- Eg er veldig motivert og gler meg til å vere trenar i klubben. Eg elsker å arbeide med born og unge og å følgje utviklinga deira. Det er kjempefine grupper både på FFO, akademiet og G13, og eg synst kjemien med spelarane er god. Me lærer av kvarandre - eg utvikler meg som trenar og dei som spelarar, så det er utrulig givende og spennande", forteller Korcsmár før han legg til.

- I tillegg er det kjekt å vere med i trenarteamet til a-laget, samtidig som eg håper eg kan bidra som spelar. Så lenge kroppen speler på lag vil eg trene hardt for kome i form og bidra på banen.

For mange er han kjent for tida som Brann-spelar, der han spela i perioden 2010 til 2013. Han blei fort sett på som ein av tippeligaens beste midtstoppere som førte til at Greuther Fürth henta han til 2.bundesliga i Tyskland. Etter fire år i Tyskland hadde han eit lite opphald i heimlandet, før det danske topplaget FC Midtjylland sikra seg signaturen til stopperen.

I Danmark var han med å vinne eit seriemesterskap og eit cupgull, men dessverre blei dei siste åra i FC Midtjylland prega av skadeproblematikk. Etter eige ynskje oppheva han difor kontrakten med den danske seriemesteren for å flytte tilbake til Noreg med sin norske samboer og deira to born. Det skal også nevnes at FC Midtjylland nyleg var med i verdas mest prestisjetunge klubbturnering, Champions League, og møtte blant anna Liverpool.

I fjor vår flytta dei til Strandvik i Fusa, der samboeren er vaksen opp, og det tok ikkje lang tid før Korcsmár blei engasjert i Os Fotball. Familien har no bosatt seg i Os og tobarnsfaren forteller at dei stortrives. Stortrivs gjer også han sjølv i sin nye jobb i klubben.

- Eg liker meg utruleg godt og har blitt teke veldig godt i mot av alle i og rundt klubben frå fyrste stund. Eg må seie eg blei veldig positivt overraska. Klubben drives bra, det er mykje god sportsleg aktivitet og alle er positive, samarbeidsvillige og hjelper kvarandre - alt frå frivillige, samarbeidspartnarar, sponsorer og heile lokalsamfunnet. Det er tydeleg at det er mange som bryr seg om klubben og eg er glad for å vere ein del av det! 

- A-laget ser også bra ut! Eg kjenner ikkje til nivået i 3.divisjon og visste ikkje kva eg skulle forvente, men eg har verkeleg blitt positivt overraska. Mange gode spelarar og det trenes med kvalitet. Eg gler meg til å sjå laget i kamp!

Du har hatt ein flott fotballkarriere og opplevd mykje, kva er ditt beste minne frå karrieren? 

Det må vere bronsemedaljen med U20-landslaget i VM i 2009 og seriegullet med FC Midtjylland i Danmark. Fantastiske minner, som eg er takksam for at eg har fått oppleve. 

Du har også flust i A-landslagskamper for Ungarn og møtt nokre av dei største stjernene på fotballhimmelen. Klarer du å rangere dei fem beste du har møtt og fem beste du har spelt på lag med?

- Dei fem beste eg har møtt må vere David de Gea, Robin van Persie, Arjen Robben, Jordi Alba og Zlatan Ibrahimovic. 

- Og dei fem beste spelarane eg har spela på lag med vil eg seie er Péter Gulácsi og Zoltán Gera frå landslaget, og Alexander Sørloth, Jakob Poulsen og Rafael van der Vaart frå tida i FC Midtjylland, avslutter Korcsmár. 

Det er ingen tvil om at Zsolt Korcsmar vil bli ein sterk ressurs på Kuventræ og me gler oss stort over at han er ein del av Os Fotball - velkommen!

 

Annonse: