Historie

Os Turn Fotball blei stifta i 1919 og er del av fleiridrettslaget Os Turnforening. I over 100 år har klubben vore eit møtepunkt for born, unge og vaksne til fotballaktivitet. Det har vore ei rik ferd med opp og nedturer - og me kan absolutt seie me er stolte over klubben og historia vår!

Gylne tider - opprykk til øverste nivå

I årene 1965-1970 hadde Os sterk rekruttering på aldersbestemte lag og var det leiande laget i kretsen. Dette resulterte i kretsmesterskap både for smågutter, gutter og juniorer, og klubben var sterkt representert på kretslaga. I 1972 var alle disse ferdige med millitærteneste og dei fleste busette seg på Os. Same år blei Erik Just Olsen, med fortid i Ørn, Horten og Brann, henta inn som spelande trenar, og Arne Hitland som hjelpetrenar og oppmann. Saman starta dei på det som er klubbens gylne tider! 

 

 

Annonse: