Fair play

Os Fotball skal aktivt jobbe for å implementere Fair Play i alle klubbens aktiviteter og arrangement. Det handlar om respekt, ikkje sant?

I Os Fotball er me oppteken av å utvikle mennesker med gode haldningar, verdier og vaner. Me ynskjer å skape trivsel, tryggleik, tilhørigheit, vennskap, mestring og utfordringer for alle, og har fokus på ein inkluderande, positiv og åpen framtoning. Me ynskjer eit stort mangfold og vil ta vare på alle!

Me ser på dette som eit viktig og stort samfunnsansvar, og i denne samanheng er fair play sentralt. Fair Play handlar om korleis me oppfører oss mot kvarandre, både på og utafor bana. 

Med Fair Play ynsker me å sette fokus på verdier som respekt, toleranse, likeverd og menneskeverd. Som spelar, leiar, trenar eller dommar, trives ein best i miljøer basert på gjensidig respekt. Dette er verdier som er viktigare enn resultatet i ein kamp og opplevelsen av fotball.

Trenarar og leiarar i Os Fotball skal slå ned på dårlig oppførsel, banning, kjefting og usportslig opptreden på trening og i kamp. 

Fair Play er JA til respekt, toleranse og nestekjærlighet
Fair Play er NEI til rasisme og mobbing

Foreldrevettregler

Kampvert

Os Fotball - ein klubb for alle! 

Levende - Ambisiøs - Inkluderende - Humør

Annonse: