EAT MOVE SLEEP-AMBASSADØR
Os Fotball er stolt Eat Move Sleep-ambassadør og fronter Norges Fotballforbund og Bama sitt prosjekt for å betre folkehelsa!
Eat Move Sleep er ein nasjonal offensiv for å oppnå betre folkehelse, iverksatt av Norges Fotballforbund, Eat Initiative og Bama Gruppen AS. Det er eit konsept som set fokus på heilheita av det som skaper sunnheit, god helse og livskvalitet for oss menneske; nemleg kombinasjonen av kosthald, fysisk aktivitet og søvn.
I følgje helsemyndigheitane beveger me oss generelt sett for lite, me et for lite frukt og grønt, fisk og grove kornproduktar, men me får fortsatt i oss for mykje sukker, salt og metta feitt. I tillegg sover ungdom mindre enn anbefalt, samtidig som ein av fire vaksne slit med søvnproblemer. Generalsekretær i Norges Fotballforbund fortel kva det vil seie å vere ein ambassdørklubb for Eat Move Sleep-konseptet.
- Med Eat Move Sleep skal våre ambassadørklubbar formidle kunnskap, inspirasjon og haldningar som me veit både born, unge og vaksne vil ha glede av. Ikkje berre på idrettsbana, men også på alle andre arenaer som skule, jobb og fritid der man også er avhengig av overskot, konsentrasjon og godt humør.
- Det forpliktar å vere ein ambassadørklubb. Dei skal vere foregangsklubbar og syte for å formidle Eat Move Sleep-verdiane gjennom heile året. Blant anna skal dei motivere til å gå og sykle til og frå treningar og kampar, at spelarane får i seg sunn mat og drikke før og etter aktivitet, og at man praktiserer skjermfritt soverom. Kiosker og utsalgssteder vil også få ein sunnare profil.
- I tillegg skal alle ambassadørklubbane arrangere ein eiga Eat Move Sleep Cup, der spelarar og tilskodarar blant anna vil lære meir om kor viktig det er å ha eit sunt og godt kosthald, og få nok fysisk aktivitet og søvn, seie NFF sin generalsekretær.
Os Fotball er stolt ambassadør og er glade for å kunne spre dei gode verdiane til våre medlemmar, samt i lokalmiljøet og dei ulike arenaene rundt i Os.