Gatelaget
Gatelaget er eit tilbod i samarbeid med Vartun Oppfølgingsteneste til alle som har eller har hatt utfordringer med rus og/eller psykisk helse. Målet er å auke livskvaliteten gjennom fellesskap og fysisk trening, og vere ein møteplass som motiverer til ein rusfri kvardag.
Visjonen til Os Fotball er å vere ein klubb for alle der inkludering er ein av kjerneverdiane våre! Me er difor svært stolte over gatelagstilbodet i samarbeid med Vartun Oppfølgingsteneste. Det er eit tilbod som betyr mykje meir enn fotball og trening!
Kva er hensikten med gatelaget?
Me ynskjer at fleire skal ha ein meiningsfylt og rusfri kvardag med auka livskvalitet gjennom fellesskap og fysisk trening. Kuventræ skal vere ein trygg møteplass for alle som ynskjer å ta eit skritt i riktig retning. Det er eit lavterskelstilbod og einaste kriterie er å stille nøktern på trening. Spelarar som får tilbakefall er alltid velkommen tilbake!
Kva inneber tilbodet?
Kvar onsdag kl. 11.30 - 12.30 er det fotballtrening på Kuventræ.
I tillegg har tilbodet blitt utvida med alternativ trening som PT/styrke på Actic,
"Back in the ring"-yoga med Os yoga og løpetrening. Det har også blitt ein tradisjon med bading i Ulvenvannet i etterkant av fotballtreningen - året rundt.
Slik kan du bli ein del av gatelaget:
Ta kontakt med Vartun Oppfølgingsteneste på tlf. 916 72 073 eller administrasjonen i Os Fotball.
Gatelaget
-
Tor-Arne HitlandLagleiar (Ansatt Vartun Oppfølgingsteneste)
-
Rune Johan Åsheim MoKontaktperson Os Fotball
- Telefon
- 478 18 313
- E-post
- rune
@osfotball.no