Inkluderingsdager

Idrett skaper tilhørighet, fellesskapskjensle og livslange vennskapsband. Idretten skal vere like tilgjengelig for alle og alle bør få oppleve idrettsglede – uavhengig av språk, kultur, bakgrunn eller økonomi! Med det til grunn arrangerer Os Turnforening årleg gratise inkluderingsdager for å syne fram dei ulike aktivitetene i idrettslaget!

Idretten er ein fantastisk arena for inkludering, og inkludering er ein av kjerneverdiene til Os Fotball! Me ynskjer å vere ein klubb som ser alle, skaper tryggleik, trivsel, tilhørighet og mestring. Me ynskjer eit stort mangfold og vil ta vare på alle! 

- Me ynskjer å aktivisere born og unge, og å leggja til rette for at dei kan driva med idrett. Eg vonar og trur at inkluderingsdagane bidreg positivt for at fleire ynskjer å begynne med idrett, seier dagleg leiar Endre Brenne 

Inkluderingsfond

Os Fotball har eit eige inkluderingsfond som har som formål å gje alle born og unge eit likeverdig tilbod og unngå utenforskap grunna økonomi. Me ynskjer ikkje at nokon slutter i Os Fotball av økonomiske problem. Har du utfordringar med å betale, er det viktig at du tek kontakt med oss, slik at me kan komma fram til ei løysing - alle utfordringar klarar me å løyse!

Alle søknader vart behandla konfidensielt. 

Kontakt dagleg leiar Endre Brenne om spørsmål vedrørande dette.

 

Annonse: