.jpeg.jpg)
Dagens osing er sponsa av ECIT Os
ECIT Os har i fleire år vore ein aktiv og positiv samarbeidspartnar, og det er med stor glede me kan meddele at det gode samarbeidet held fram også dei neste tre åra!
- ECIT Os er positive, aktive og framoverretta, som i fleire år har vore ein artig og kjekk samarbeidspartnar. Me er veldig glade for at ECIT Os ynskjer å forlenge og attpåtil auke støtta i klubben, uttaler dagleg leiar Endre Brenne.
Med høg kompetanse og smart teknologi, leverer ECIT økonomi - og IT-tjenester som effektiviserer og betrer driften for andre verksomheiter, slik at kunden kan bruke tida si på det dei er best til.
ECIT Os har visjon om å auke meirverdi for dei rundt seg, og samtidig vere ein aktiv samarbeidspartnar, som me i Os Fotball har fått erfart sidan ECIT Os kom inn som draktsponsor. I 2021 byta blant anna ECIT Os ut arbeidsantrekk, tal, IT og rekneskap med malekost når dei ansatte gjennomførte teambuildingsdag med å male den nye kiosken vår. Les den saken her:
ECIT Os vil også dei neste tre åra pryde drakta vår, i tillegg til å vere sponsor for "dagens osing" som er ein framheving av Os sin beste spelar for kvar heimekamp.
Me set stor pris på støtta og gler oss til eit proaktivt samarbeid vidare!
