Gatelaget: Invitasjon til gatelagscup 2023!

Gatelaget handler om å gje personer som av ulike grunner har eller har hatt det vanskelig, gode opplevelser, mestring og tilhørighet i eit trygt, sunt og godt miljø. Det er difor ein stor glede å invitere til vår betydningsfulle gatelagscup også i 2023!

- Kjempesuksess, fantastisk dag! Det blei ein nydelig ramme med sol, store smil og god stemning. Det er tydeleg at dette er eit arrangement som betyr mykje for alle involverte og me fekk gode tilbakemeldinger frå våre besøkande, som hadde eit ynskje om at me inviterar til ny cup til neste år, sa initiativtaker og trenar på gatelaget, Tor Arne Hitland, etter årets gatelagscup på Kuventræ. No er datoen for neste års cup satt! 

Os Gatelag, eit samarbeid mellom Os Fotball og Livskvalitet - Vartun oppfølgingstjenester, har i fleire år arrangert cup for gatelag på Kuventræ - med stort hell! Etter fleire år med pandemi kunne me endeleg invitere til ny cup i årets sesong, som blei ein fantastisk dag med over 100 deltakarar frå fem ulike organisasjoner. Du kan lese om Gatelagscupen 2022 her: Vellukka gatelagscup: - Fantastisk dag!

Dette arrangementet betyr meir enn resultater, seirer eller mål, og det er med stor glede me også ynskjer velkommen til galagscup 9.september 2023!

Arrangementet har ingen påmeldingsavgift, og blir som i år ein 5v5-turnering, med gruppespel og påfølgende sluttspel, samt andre aktiviteter, åpen kiosk, og felles middag og premieutdeling etter cupen. Me ynskjer å stifte bekjentskap med gatelag frå heile vårt langstrakte land, og tilbyr i den anledning overnatting, samt transport til og frå Flesland flyplass. Ta kontakt så finner me gode løysinger! 

Påmelding kan sendes til marius@osfotball.no med lagnavn (klubb/organisasjon), samt kontaktperson med tlf.nr og mail. 

Påmeldingsfrist: Søndag 27.august. Meld på fleire lag om mange spelarar. Gratis påmelding.

Dette blir magisk! Velkommen til gatecup på Kuventræ! 

 

Her er eit par blinkskot frå tidligare cuper (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden, og Vartun Oppfølgingstenester).

Annonse: