Jentefotball: Påmelding Os jenteakademi og FFO jentefotball!

Me har stor glede av å ynskje alle jenter velkomne til ekstratilboda våre; Jenteakademiet og FFO Jentefotball!

På ekstratilboda våre for jenter; Jenteakademiet (5-8.klasse) og FFO Jentefotball (2-5.klasse), ynskjer me å skape ein felles arena for jenter på tvers av skule og alderstrinn, med fokus på fysisk aktivitet, haldningar, mestring og utvikling. Tilboda vil foregå etter skuletid på henholdsvis onsdager (FFO jentefotball) og fredager (Jenteakademiet), der ein får servert eit sunt måltid før treningsøkta, etterfulgt av trening med utdanna trenarar.

Begge tilboda fekk ein positiv start i fjor, og me gler oss til å vidareutvikle tilboda og fleire fotballjenter i året som kjem!

Me tilbyr transport til Kuventræ når skuledagen er over, og me kan hente på alle skular i Os.

Alle deltakarane får i tillegg tilbod om å bestille ein stilig utstyrspakke med treningsklær; genser, bokse, t-skjorte og bag, til ein eigenandel på 100kr.

Meir informasjon om tilboda kan du finne her: FFO Jentefotball og Jenteakademiet

Velkommen! 

Annonse: