Mangeårige støttespelar er med vidare!
Det er ein stor glede å meddele at vår mangeårige støttespelar, Amfi Os, blir med vidare i 2023!
- Amfi Os har lenge vore ein viktig og god støttespelar for oss i Os Fotball, så at dei blir med oss på laget vidare er veldig kjekt! Me skal saman finna på mange spreke og kjekke ting i året som kjem, uttaler dagleg leiar Endre Brenne, som meddeler at Amfi Os kjem til å vere med å pryde dame- og herrelaget sine drakter i 2023-sesongen.
På AMFI Os kan du få tak i det meste, og kjøpesenteret er samtidig eit opplevelsessenter for regionen vår. Jamnleg er det god stemning med underhaldning og aktivitet på senteret, eller promotering av anna som skjer i Bjørnafjorden. Her har også Os Fotball velvillig stilt opp i årenes løp, enten det har vore «stand» eller som modeller til moteshow og diverse anna.
Me har også i fleire år hatt eit hjertevarmt samarbeid med senteret om samfunnsprosjektet "Julegavehjelp i Bjørnafjorden" under korona-pandemien. Les meir om det her:
- Vi på AMFI Os gler oss til å fortsette det gode samarbeidet med Os Fotball også i 2023. Saman blir vi sterkare, uttaler den nye senterleiaren Wilhelm Fredrik Tangerud.
Me set stor pris på vidare tillit og støtte, og ser fram til vidare samarbeid og artige påfunn!
Ta ein tur innom kjøpesenteret, samt sjå meir på nettsidene deira her: Amfi Os
Støtt opp under det lokale - saman er me sterkare!