Påmelding til Os Fotball Kiwi Bama Cup 2022
Det er med stor glede me kan invitere til storslått fotballfest på Kuventræ; velkommen til Os Fotball Kiwi Bama Cup 2022 den 3.- 4.septemeber!
3-4.september har me enorm glede av å invitere til fotballfest for jenter og gutar i alderen 6-12 år på Kuventræ! Os Fotball Kiwi Bama Cup er ein unik fotballoppleving med fokus på sunne verdiar frå Eat Move Sleep-konseptet med ein rekkje spennande aktiviteter, i tillegg til å vere ein fartsfylt fotballturnering!
Os Fotball Kiwi Bama Cup er ein unik fotballoppleving
— Velkommen til Kuventræ 3-4.september
Påmelding
Me tek sikte på å at årets turnering kan vere eit høgdepunkt for både spelarar, leiarar og tilskodarar! Plott det inn i lagets turneringskalender og opplev fotballfesten på Kuventræ ved å melde laget på her: PÅMELDING OS FOTBALL KIWI BAMA CUP 2022
Jenter og gutar skal få utfolde seg i treer-, femmer-, sjuer- og nierfotball. Alle lag spelar minimum tre kampar á 2 x 13 minutter med påfølgande premieutdeling, og er åpen for alle som ynskjer å delta!
Fyrste mann til mølla
Siste frist for å melde på lag er 18.august, men alle som melder seg på før 1.juni får 100kr i rabatt.
Os Fotball Kiwi Bama Cup følgjer smittevernfaglege vedtak og oppmodingar frå myndigheitane og Norges Fotballforbund. Me er optimistiske på at turneringen går som planlagt, men dersom me må gjennomføre med ein nedskalert/alternativ utgåve grunna restriksjonar vil lag som har meldt seg på fyrst bli prioritert!
Les meir på påmeldingsnettsida eller kontakt dagleg leiar om spørsmål (kontaktinfo under).
Me gler oss stort og håper laget ditt vil vere med fotballfesten - velkommen!
Kontakt Os Fotball Kiwi Bama Cup 2022
-
Endre BrenneDagleg leiar
- E-post
- endre
@osfotball.no