Renta forlenger engasjementet

Det er med stor glede me kan meddele at Renta forlenger engasjementet i Os Fotball, og blir dei neste to åra synlege på dame- og herrelaget sine shortser.

- Me synst det er mykje positivt og spennande som skjer på Kuventræ, og det ynskjer me å ta del i vidare!

— Stig Soltvedt, leiar på Renta sin avdelingen i Bergen.

Renta er totalleverandør innan maskin- og utstyrsutleige med 220 ansatte fordelt på 15 avdelinger over heile landet. Konsernet har nyleg etablert ein avdeling på Os, og det er utruleg gledeleg at Renta som kom inn som ny partnar i Os Fotball i 2021, no ynskjer å forlenge engasjementet med klubben.

- Me er strålande nøgd med at Renta vil vere med vidare! Renta er genuint opptekne av aktiviteten i klubben og blir dei neste to åra synlege på dame- og herrelaget sine shortser. I tillegg hjelper dei oss med å få til Renta toppidrett fotball, som etter oppstart i haust har etablert seg som eit godt tilbod på Os gymnas. Det bidreg til at ungdommane i bygda skal få eit godt fotballtilbod lokalt, som forlengelse av FFO og Akademiet, seier dagleg leiar Endre Brenne. 

Hos Renta kan du leige alt du trenger av maskiner og utstyr til store og mindre prosjekter. Med appen, Renta Easy, kan du enkelt administrere utstyret du vil leige, både privat og som bedrift. Les meir om samarbeidspartnaren vår her: Renta vil løfte klubben til nye høgdar eller besøk dei på nett: Renta

Me set stor pris på støtta og gler oss til eit godt samarbeid vidare - saman kan me nå nye høgdar! 

Renta .png

 

Annonse: