Kva er ein kvalitetsklubb?
Ein kvalitetsklubb har god struktur og kompetanse, og eit tydeleg verdisett for å auke og sikre god kvalitet på aktiviteten i klubben
Kvalitetsklubb er eit konsept som er retningsgjevande for alt utviklingsarbeidet som blir gjort i klubbane, i samarbeidet mellom klubb og forbund. Norges Fotballforbund ynskjer gjennom Kvalitetsklubb-prosjektet å stimulere til god klubbutvikling og påfyll av kompetanse i alle sentrale roller i ein fotballklubb. Erfaring viser at godt strukturerte klubber skaper sportsleg utvikling, stimulerer til meir frivillighet, samt gjev kompetanse og tryggleik i den rolla kvar enkelt skal utøve.
Os Fotball blei i 2020 sertifisert til NFF Kvalitetsklubb - Nivå 1 som er det fyrste av tre nivåer i NFF Kvalitetsklubb.
Os Fotball har dokumentert og bestått samtlege kriterier som NFF stiller krav om innafor områda aktivitet, organisasjon, kompetanse og samfunn og verdiarbeid. Alle kriteriane har som formål å gjere klubben dyktig til å tilrettelegge for meir og betre fotballaktivitet, prega av tryggleik og fotballglede for alle. Mykje av arbeidet har bestått i å dokumentere eksisterende rutiner og kompetanse.
Arbeidet med sertifisering til kvalitetsklubb - Nivå 1 har blitt leia på ein strålande måte av Marita Kristine Arentzen.
Klubben har blitt målt i kriteriene:
Aktivitet
- Rekrutteringsplan
Os Fotball har ein plan som beskriver korleis klubben rekrutterer nye årskull med spelarar og korleis spelarane blir teke imot og gjeve eit likeverdig tilbod. - Sportsplan
Os Fotball har ein sportsplan som oppfyller minimumskriteriene. - Treneransvarlig
Os Fotball har ein person som er ansvarlig for oppfølging av trenarane våre.
Organisasjon
- Organisasjonskart
Os Fotball har eit organisasjonskart med rollebeskrivelser. - Økonomistyring
Os Fotball har ein plan for økonomistyring. - Oppstartsansvarlig
Os Fotball har ein person som er ansvarlig for oppstartsåret for spelarane. - Klubbhandbok
Klubben skal ha ein klubbhåndbok i henhold til NFFs mal for nivå 1. - Dommerkoordinator
Os Fotball har ein person som er ansvarleg for rekruttering og oppfølging av dommarane. - FIKS-ansvarlig
Os Fotball har ein person som er FIKS-ansvarlig.
Kompetanse
- Lederkompetanse
Fleirtallet i Os Fotball styre og administrasjon har NFFs leder 1-kurs - Trenarkompetanse
Trenarar i Os Fotball har følgjande kompetanse:
Gjeldende krav til trenerkompetanse er:
BARNEFOTBALL (6-12):
- Ein trenar pr. lag med minimum barnefotballkvelden
- Ein trenar pr. årskull med minst eit delkurs fra C-lisens
UNGDOMSFOTBALL (13-19):
Ein trenar pr. lag med ungdomsfotballkvelden
Ein trenar pr. årskull med C-lisensutdanning
Samfunn og verdiarbeid
- Verdier
Os Fotball basere drift og aktiviteter på fotballens verdigrunnlag, og har utarbeida eit eige verdisett. Os Fotball sine verdier er: levende, ambisiøs, inkluderande og humør. - Heimekampen
Os Fotball sine heimekamper gjennomføres etter NFFs retningslinjer. - Retningslinjer for barne- og ungdomsfotball
Os Fotball har dokumentert at aktivitetene knytta til barne- og ungdomsfotballen følgjer NFFs retningslinjer for barne- og ungdomsfotball. - Årlig møte
Os Fotball held årleg møte om verdier, retningslinjer, Fair play og eitt tema fra «trygge rammer». - Politiattest
Os Fotball kan bekrefte at alle med relevante verv har vist fram gyldig politiattest. - Skader og forsikring
Os Fotball informerer om NFFs råd for skadeforebygging og forsikringsordninger. NFFs utvidete individuelle forsikring er kjent for foreldre og spelarar. Alle lag i Os Fotball har førstehjelpsskrin med på trening og kamp. - Trygge rammer
Os Fotball vel ut eitt tema årleg og gjev medlemmene kjent med temaet og utarbeide og implementere retningslinjer.